Vandrande, gjennomsiktig
Eg les ei forteljing. Eg les ho grundig. Merkjer meg kvar vinkel, kvart einaste dalsøkk, kvart måltid, kvar kjensle, kvart kyss i handlinga! Siste linja i kapitla skriv eg ned på eit papir. Eg gjer dette, fordi - forteljinga er mystisk.
For kvar gong eg legg boka i frå meg endrar handlinga seg. Storparten av hendingane har eg difor ikkje oversikt over! Eg kjenner ikkje den eigentlege sanninga! Ho forsvinn i solnedgangen når eg legg boka i frå meg. Ho søkk ned i havdjupet saman med ei rød glo og levde dagar. Kanskje heng ho i skjegget til ein beitande torsk? Kanskje ligg ho knytt fast i perlemorsveggen i ein musling? Eller kanskje driv ho med vannmassane, like vandrande, gjennomsiktig - som manetane?

5 Comments:
På havets bunn står skutene
med svære svarte seil.
Maneten pusser rutene
og bruker dem til speil.
Men stakkars torskesnutene,
de tar bestandig feil!
...
En bok jeg gjerne skulle ha lest!
/ Merkjer meg kvar vinkel, kvart einaste dalsøkk/ Flott!
Et dikt med en veldig tilstedeværelse i. Man rives med.
Irene
Spennande tekst. Ei bok som lever sitt eige liv. Og kva er sanning?
/Siste linja i kapitla skriv eg ned på eit papir/
Ja, eg gjorde nettopp det då eg las Norwegian Wood, ikkje kvar einaste sistelinje, men i alle fall ei. Ho var så fin.
Takk for fine kommentarer, artemisia (for en fin assosiasjon!), irene og tove.
Jeg liker denne sjøl - og den er langt på vei "sann" - for sannheten om sannheten sitter djupt.
For en leseropplevelse!!!
Og opplevelsen rundt.
Dette er så godt skrevet.
Særlig om sola som synker ned, eller inn....
:-)
Legg inn en kommentar
<< Home