Skriv om noko tyngre?!
Som om drepande diftongar
og vrenging av tilvera
ikkje er tungt?
Og eg meinte aldri ein damedrink; 4 cl (!)
når eg skreiv vodka!
Eg meinte ein tung, tollfri liter, langveisfra
med lurvete lakmusrespons
Så snakk ikkje til meg om tyngde!
Trur du truande blå himlar gjev makelege kjensler?
Og let eg meg slanke av me- me- menn
som strippar vekk alle småord?
Nei
Alt eg med stor flid
lempar inn i det offentlege rom
overstig grensa på bagasjebandet
Eg tek aldri av!